fredag 11. februar 2011

Vinterparty i Liatunet

Vi har no booka partytur til Hemsedal 8-10.april. Det blir nok ein gong hytte i Liatunet ved skibakken. Her er det superkort veg til skibakke, afterski, butikk og uteplass.

Desse blir med: Veggalus, Vegard N, Stian, Urd, Siv, Bjarte, Eliin, Joar, Katrine, Brit Jorunn. Dermed ser det ut å bli full hytte og høg stemning.

Nett no er det to ledige plassar! Ta kontakt med Stian.

Pris: 1140.- til konto: 37051480261. Dette inkluderer overnatting + vask.

Eg har også 50.- rabatt på skikort. Send skistar-kortnummer + 580(lør-søn).- til same konto som hyttebetalinga.

fredag 31. desember 2010

Velkommen til Liatunet 2011

Hemsedalparty inviterer til partytur helga før palmehelga. 8-10. april blir det ski, påskeføre, afterski, god mat og kjekke folk.

Vi booker hytte i Liatunet/Rådyrlia som ligg nederst i skibakken. Hytta vert booka når mange nok har meldt seg på, så her er det berre å hive seg på.

Pris som inkluderer overnatting m/utvask: 1150.-

Bli med? Send epost til stian.sjursen.takle@nrk.no


Bilde er frå turen til Liatunet i 2007!

fredag 27. august 2010

Vinter:party 2011

Hemsedalparty er i gang med å planlegge neste års tur til Hemsedal.

Sett av 8.-10.april dersom du likar desse tinga: ski, afterski, sol, moro, gode venner og god mat. Meir informasjon kjem om kort tid.

Vinter:Party 2011 8.-10.april